Treng meir pengar til Sagastadbygget

Må låne to mill. ekstra

Eid industrihus KF må låne to millionar kroner ekstra i samband med bygginga av Sagastad.

FLOTT BYGG: Sagastadbygget blir eit flott landemerke på Nordfjordeid, men det kostar pengar og ein veit enno ikkje heilt kva sluttsummen blir. Driftsselskapet Sagastad skal betale husleige til det kommunalt eigde føretaket Eid industrihus KF frå 1. april.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Dagleg leiar i det kommunalt eigde Eid industrihus KF Svein Otto Melheim var torsdag til stades i finansutvalet i Eid og orienterte i samband med behandling av driftsbudsjett 2019 og økonomiplan for selskapet.

Der ligg det inne at totalramma for prosjektet vert endra frå 28.500.000 kroner til 30.500.000 kroner. Dette er ein sum som ein reknar med å få dekka inn av husleigeinntekta.