Sommarstengt barnehage

Plenklipp med robot

Formannskapet i Eid vedtok framlegg til kommunebudsjett som mellom anna inneheld bruk av robotplenklipparar, to veker med sommarstengt barnehage og to gratis turneringar for hallidrett.

BLÅ MEDISIN: I framlegget frå V/H/Frp/KrF som vart vedteke av formannskapet ligg det mellom anna inne at ein skal sjå på kva potensial det er for meir samordna organisering, felles ressurs- og kompetanseutnytting av dei kommunale skulane i Eid. Framlegget vart presentert av Arild Krogh Nøstdal (V). Til venstre: Varaordførar Kirsti Ohrvik Olsen (V).  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Gruppeleiaren for Venstre, Arild Krogh Nøstdal presenterte i finansutvalet alternativt budsjettframlegg på vegner av dei blå budsjettkameratane V/H/KrF/Frp. Deira forslag fekk fleirtal og går vidare som tilråding til kommunestyret som gjer endeleg vedtak 13. desember.

Framlegget inneber at eigedomsskatten på bustader blir verande på dagens nivå, tre promille, og at det ikkje blir innført eigedomsskatt på næring (verk, bruk og anna næring). Budsjettet frå dei blå er i stor grad likt rådmannen sitt, men sidan det ikkje inneheld auke i eigedomsskatten for bustader, må ein finne inndekning for 4,3 millionar i inntektsbortfall.