Kan bli minus i 2018

  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

I år har avkastninga frå aktiv forvaltning så langt vore dårleg. Eid kommune har budsjettert med ei inntekt på sju millionar kroner i 2018, men ved utgangen av oktober var avkastninga negativ med om lag ein halv million kroner i minus. Rådmannen har i sitt budsjettframlegg lagt inn fem millionar kroner i forventa avkastning i 2019. I V/H/KrF/Frp sitt framlegg som fekk fleirtal i formannskapet, er forventa avkastning auka med 1,8 millionar kroner til 6,8 millionar kroner i 2019.