Kennet Fagerstand var ei veke på sett

På innspeling av Heimebane

Kennet Fagerstrand frå Eid har i fleire år studert og jobba med film. Tidlegare i haust var han assistent under innspelinga av Heimebane.

Assistent på Heimebane: Kennet Fagerstrand starta tidleg med filming og har laga fleire filmar av Eid som blant anna blir spelt på kinoen. I haust har han vore med som lysassistent under innspeling av sesong to av Heimebane.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

– Eg var fantastisk stolt då eg gav John Carew ein paraply då han skulle gå ut i regnet. Eg følte meg som ein skikkeleg helt, fortel Kennet Fagerstrand (24) som har vore med som lysassistent under innspelinga av sesong to av den norske serien Heimebane med blant anna Ane Dahl Torp og John Carew i hovudrollene.