Julemarknad med kunst og design i Selje

Ti kunstnarar busett i Selje kommune går saman om å lage sitt eige julemarknad med kunst og design.

Saman om kunst og design på julemarknad: Ti kunstnarar og designarar frå Selje og Stad finn inspirasjon ved storhavet. No vil dei vise fram litt av det dei held på med på julemarknad 9. desember i den gule snikkarbuda på Nabben. Åtte av dei (f.v.) Naomi Dalsbø, Camilla Monsen, Jone Skjensvold, Turid Haye, Rita Borgundvåg, Sunniva Djupedal, Karina Siegmund, Peter-John de Villiers.   Foto: Privat

Porselen: Turid Haye er keramikar, arbeider for tida med porselen og har etter mange år flytta tilbake til Selje. Ho skal mellom anna stille ut slike figurar som på bildet.   Foto: Privat

Kunst: Dette bildet er laga av kunstmålar Jone Skjensvold.  Foto: Privat

Nyhende

Julemarknaden blir i den gule snikkarbuda på Nabben i Selje søndag 9. desember. Dei som skal stille ut er ti kunstnarar og designarar som er busett i Selje, Drage, Ervik, Leikanger og Borgundvåg.

Felles for dei alle er at dei finn inspirasjon og ro i den unike naturen i Selje og på Stadlandet. Initiativtakar til marknaden med kunst og design er Sunniva Djupedal. Ho er grafisk designar, og skal sjølv stille ut produkt inspirert av namn i naturen og på havet ved Selje og Stadlandet.

–Vi er etter kvart mange aktive designarar og kunstnarar som no har valt å busette oss her ute med havet. Nokon har budd her i mange år, og nokon har nyleg flytta hit. No vil vi stille ut på ein felles julemarknad for å vise fram litt av det vi held på med, seier Sunniva Djupedal som understrekar at dette ikkje blir ein tradisjonell julemarknad, men at dei vil selje produkt som representerer arbeidet dei held på med som kunstnarar og designarar i området.

Keramikk og tekstil

På utstillinga blir det alt frå keramikk og tekstil, til grafiske produkt, ullklede og ting laga av rekved.

Turid Haye er ei av dei som stiller ut. Ho er keramikar og har arbeidd med ulike typar leiretypar i over 40 år. For 30 år sidan designa ho den originale Sunnivafiguren, og ho har flytta tilbake til Selje etter mange år på Austlandet. På julemarknaden vil ho selje ulike kvite porselensfat, kunstbyggesteinar i porselen, små bjøller og vasar.

Karina Siegmund bur ved Ervik og lagar større arbeid i vev som blir hengt opp i større auditorium til dømes. Ho kombinerer tradisjonell vevkunst med moderne teknologi og brukar gjerne plast, metall, papirgarn og fiberoptiske garn i verka sine.

Jone Skjensvold er målar og arbeider med olje på lerret. Han er oppteken av fargeklangar, presis fargeblanding og uventa harmoniar.

Naomi Dalsbø og Camilla Monsen jobbar begge med design og foto, og skal stille ut produkt saman. Helle Frogner er fotograf og klesdesignar, og har med både foto og Heimigarden produkt. Lindsey Bundschuh er fotograf frå Canada og skal stille ut fotografi.

Peter-John de Villiers driv med trykk, teikning og print av kolstift. Rita Borgundvåg er kystgeitebonde og kunstnar frå Borgundvågen, der ho har verkstad og arbeider med gjenbruk, ull og keramikk.