Inviterer til julebarnekor i Selje

Line Dybedal og Jon Inge Sigerland har teke initiativ til å få til eit julebarnekor Selje.

Det blir julebarnekor i Selje.   Foto: Arkiv

Nyhende

Line Dybedal og Jon Inge Sigerland har invitert til fire øvingar før jul, fram mot julekonsert i Selje kyrkje laurdag 15. desember. Samt synging på gudsteneste i kyrkja på julaftan. Alle barn frå første til sjuande klasse kan vere med i julebarnekoret i Selje.