Bekymra for fotgjengarar

Agnar Kvalsund er redd fotgjengarar skal bli påkøyrt nedanfor Sjukeheimen.

Bekymra: Agnar Kvalsund er bekymra for fotgjengarar.  Foto: Olin Maria Yri

Området: I dette området meiner Agnar Kvalsund at fotgjengarar må vere merksame på kvar det er fotgjengarfelt.  Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

– Der er to fartsdumpar nedanfor Sjukeheimen. Den eine fartsdumpen er merka med kvitt. Mange trur at dette er eit fotgjengarfelt, men det er ikkje det. Fotgjengarfeltet er lenger oppe, fortel Agnar Kvalsund.

Han er bekymra for fotgjengarane ettersom mange trur det er fotgjengarfelt der, og forventar difor at bilane skal stoppe opp.

– Eg sit å ser på det frå vindauge mitt, og mange av bilane stoppar, men ofte er det berre akkurat at det går bra. Dette er urovekkande sidan bilane køyrer fort, seier han og oppmodar fotgjengarar til å vere forsiktige i området.