Politisk arbeidsgruppe for næringutvikling

Fellesnemnda vedtok på sitt siste møte at det vert jobba vidare med å etablere ei arbeidsgruppe for næringsutvikling.

Arbeidsgruppe: Geir Årvik (H) er føreslått som ein av medlemmene i arbeidsgruppa.  Foto: Arkiv

Nyhende

–Vi er nokre som har drøfta korleis vi skal jobbe politisk med næringsutvikling i Stad kommune. I den samanheng ønskjer vi å kaste fram ein ide om at det vert sett ned ei politisk arbeidsgruppe som skal jobbe med tiltak og strategi for å få fleire innbyggjarar til kommunen og auka næringsetableringa, sa leiar i Fellesnemnda Stein Robert Osdal under møtet i Fellesnemnda sist måndag, og føreslo samstundes at gruppa burde settast saman av han sjølv, Eid-ordførar Alfred Bjørlo og formannskapsmedlem i Selje Geir Årvik (H).

Sjølv om ikkje alle var like overtydde om at dette var rett å gjere, og at det blir mykje dei same personane som går att i ulike grupper, slutta Fellesnemnda seg til at det skulle jobbast vidare med forslaget.

Det vart vidare bestemt at Arbeidsgruppa skal ta omsyn til allereie eksisterande planprosessar i organisasjonen og samkøyre dette til ein overordna strategi med tiltak som vert framlagt for fellesnemnda i løpet av fyrste halvår 2019. Endeleg mandat og samansetting vert godkjent av fellesnemnda.