Må søkje på nytt i Bruhola

NYBYGG: Seks leilegheiter skal byggast i Bruhola der det tidlegare stod eit eldre hus.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Teknisk- og samfunnsutvalet gav 30. oktober dispensasjon og rammeløyve til oppføring av ein leilegheitsbygg i Bruhola ved Skulevegen. Det var Sunnmørshus AS som på vegner av Jøran Tidemann Rise søkte om dispensasjon og løyve til oppføring av ein 6- mannsbustad der, og fekk dette innvilga.

Dette vedtaket er no omgjort, det er gjeve avslag grunngjeve med manglande ansvarsrett for ansvarleg søkjar. Det viste seg nemleg at føretaket som står som ansvarleg søkjar, Sunnmørshus AS, allereie var konkurs då vedtaket vart gjort. Rådmannen har fått bekrefta frå bustyrar at det ikkje er vidare drift i føretaket på vegner av buet. Etter rådmannen si vurdering er difor vedtaket i teknisk- og samfunnsutvalet teke på feil grunnlag og må sjåast på som ugyldig.