Kontroll på Nordfjordeid

Statens vegvesen hadde fredag ein tungtransportkontroll og kontroll av lette køyretøy på Nordfjordeid.

Statens vegvesen med kontroll på Nordfjordeid fredag.   Foto: Arkiv

Nyhende

Under kontrollen som vart gjort av Statens vegvesen på Nordfjordeid fredag, vart 15 køyretøy kontrollert for vekt, men ingen av dei kontrollerte hadde overlast. Ifølgje Statens vegvesen vart ein førar meld til politiet for køyring utan lys på tilhengaren, og det vart utferdiga fem gebyr for manglande domument, samt ein for dekk under minimumskravet.