Har laga juleutstilling på Totland Libris

Sju elevar på Vg 2 interiør og utstillingsdesign ved Eid vidaregåande skule har i år laga juleutstilling i vindauga på Totland Libris.

Jul på bokhandelen: Elevane har nytta produkt i butikken når dei har laga til jul i vindauge på bokhandelen i Eidsgata.  Foto: Inger Træen

Nyhende

Dei har laga utstillinga av ting som er til sals i butikken. Dette har dei samla til ein heilskap som utgjer juleutstillinga.

–Vi fann fort ut at vi kunne bruke ulike produkt som er til sals i butikken. Det er alt frå julepynt og gåvepapir, til bøker og skrivepapir til dømes.

–Vi ville lage ei utstilling som kunne gje litt sann hyttekjensle, litt tradisjonell jul på hytta til dømes, seier elevane som sjølve har laga og sydd julenissen som er i vindauge og julesekken med gåver i. Alt saman er plassert i vindauge på bokhandelen i Eidsgata.

Lært på skulen

– Det er kjekt å prøve ut i praksis det vi har lært på skulen. Tidlegare har vi hatt utstillingar i Operahuset Nordfjord, seier elevane som likar godt å jobbe i team når dei skal lage slike utstillingar.

–Vi har hjernestorming i starten der alle kastar fram sine idéar. Så diskuterer vi ei stund, og kjem fram til korleis vi skal gjennomføre oppgåva. Det er bra med innspel frå mange, seier designelevane.