Vinmonopolet med nasjonal kampanje

–Ein viktig bodskap

Gjennom året har Vinmonopolet fleire nasjonale kampanjar. I november lanserte dei kampanjen mot langing av alkohol som skal gå ut året.

Kampanje: Bente Løken (t.v.) og Helen Breistein (t.h.) på Vinmonopolet på Nordfjordeid tykkjer kampanjen mot langing er viktig for å skape gode verdiar og haldningar.  Foto: Olin Maria Yri

Det handlar om å skape gode haldningar

Plakatar: Rundt om i lokala til Vinmonopolet heng det mange ulike plakatar med motiv på. Det plakatane har til felles er at bodskapen er klar.  Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

«Det er lettare å kjøpe alkohol til mindreårige enn det er å sove trygt i ei snøfonn» står det på ein av plakatane når ein kjem inn i lokala til Vinmonopolet på Nordfjordeid. Underteksten har klar tale: Alle som kjøper alkohol til mindreårige er medansvarleg for det som skjer etterpå. Dette er den nye nasjonale kampanjen til Vinmonopolet som går frå november og ut året. Målet er å bevisstgjere folk om kva konsekvensane ved langing av alkohol til mindreårige er, og få folk til å tenkje seg om før dei kjøper til mindreårige.

– Det er ein viktig bodskap, og det er viktig at folk ser det. Det handlar om å skape gode haldningar, seier Bente Løken, som vart ny butikksjef i juli hos Vinmonopolet Nordfjordeid. Løken, og legg til at det er lettare å skaffe alkohol til mindreårige enn det er å redde ein person som har drukna.

– Om nokon kjøper ei flaske med brennevin til ein 15-åring, så kan det få alvorlege konsekvensar.

Samfunnsoppgåve

Vinmonopolet har ei viktig samfunnsoppgåve når det gjeld ansvarleg sal av alkohol og avgrense skadar som alkohol kan føre med seg. Difor har dei ulike kampanjar som går på alder, vise legitimasjon uoppfordra og langing til mindreårige gjennom året, gjerne i mai og opp mot jul.

– Både april, mai, november og desember er tider med fest, så det å drive med kampanjar rundt då er ein del av vårt arbeid, fortel Løken.

Ikkje alltid like lett å sjå

Denne gongen er fokuset på langing og konsekvensane det har får dei som kjøper og dei som ber om det. Ifølgje Løken er det naudsynt med ei slik kampanje ettersom det er utfordrande å sjekke om folk handlar til mindreårige.

– Det å sjekke at folk handlar for andre er ikkje så lett, men når det skjer tydeleg nektar vi sal og grip inn. Om nokre blir tatt for å lange, så får det sjølvsagt konsekvensar.

Desse konsekvensane er gjerne bøter. I tillegg kan det øydelegge mange moglegheiter seinare i livet som blant anna studie og jobb.