No slepp bussane å rygge inn til Stårheim skule

Tryggare trafikk ved skulen

Før måtte skulebussen rygge rundt 50 meter for å hente barna på skulen. No har den nye rundkøyringa på Stårheim gjort skulekvardagen tryggare.

Ny kvardag: No er det blitt langt tryggare for skulebarna å gå på bussen ved Stårheim skule. Dei ventar i leskuret midt på bildet, medan bussen kjem frå vest gjennom rundkøyringa. Utbetringa har blitt realisert gjennom fylkeskommunane TIK-midlar, og onsdag var folk frå Eid kommune på plass for å opne det heile.   Foto: Inger Træen

Nyhende

Den nye rundkøyringa med leskur nedanfor Stårheim skule blei opna på onsdag denne veka. Det er Eid kommune som har stått for utbetringa, medan entreprenør Oskar Kvernevik har gjort jobben.

Slepp rygging

–Det var ikkje alltid så kjekt å rygge denne strekninga frå krysset nedanfor skulen og inn til ungdomshuset der skulebarna gjekk på. No har vi fått ein ny og langt betre kvardag, seier dei to bussjåførane Geir Strømmen og Åmund Stårheim.