Tilgjenge idrettshus og turistinformasjon

TILGJENGE FOR ALLE: Råd for menneske med nedsett funksjonsevne jobbar for tilgjenge for alle. Frå venstre: Kommunalsjef Kari Krogh, utvalsleiar Odd Rune Heggen, medlem Oddbjørn Vikene, medlem Vigdis Heimdal Reksnes (SV). Nestleiar Janne Bjørhovde var ikkje til stades på dette møtet.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne har ein del saker på dagsorden som dei vil følgje opp. Dette handlar mellom anna om forholda i Eid idrettshus når det gjeld garderobetilhøve tilpassa dei som treng følgje og der brukar og hjelpar er av ulikt kjønn. I dag vert handikaptoalettet brukt, men dette er ikkje ei tilfredsstillande løysing.

Rådet har også tidlegare påpeika manglande tilgjenge til turistinformasjonen som har vore i Kulturhuset Gamlebanken, dette vil dei følgje opp.

Dei vil vidare jobbe med tilgjenge i Eidsgata. Her har det blitt betre, men framleis er det rom for forbetringar.

Rådet vil også sjekke opp rutinar ved brann Eid rådhus. Heis kan ikkje brukast når brannalarmen går. Kva er alternative løysingar for rullestolbrukarar? Dette vart aktualisert ein gong dei hadde møte og alarmen gjekk for øving, og ingen visste korleis handtere situasjonen.