Stein Robert Osdal

Stiller ikkje som ordførarkandidat

I ei melding på si eiga side på facebook skriv Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) at han ikkje stiller til val som ordførarkandidat for Krf i Stad kommune.

Stein Robert Osdal (KrF) har meldt frå til Kristeleg Folkeparti i Selje og Eid at han ikkje stiller til val som ordførarkandidat i Stad kommune ved det komande kommunestyrevalet neste haust. Samstundes seier han at noko av det kjekkaste han har vore med på i si tids som ordførar i Selje er kommunesamanslåingsprosessen med Eid. Her på kakefest saman med Eid-ordførar Alfred Bjørlo under felles kommunestyremøte for Eid og Selje i Fosnavåg våren 2017.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

–Nokre val i livet er vanskelegare enn andre. Etter litt tid i tenkeboksen har eg gitt Kristeleg Folkeparti i Selje og Eid beskjed om at eg ikkje stiller som ordførarkandidat for partiet i Stad kommune. Det har vore eit privilegium å vere ordførar i Selje frå 2015. Eg gler meg til å avslutte historia til Selje som eigen kommune i 2019, og vere med å bygge ein sterk kommune, Stad kommune. Historia skapar vi, og eg har stor tru på at Selje framleis vil blomstre som ein del av den nye Stad kommune, skriv Osdal.

Tre ting

–Det er mange gode minne og erfaringar som eg vil ta med meg vidare i livet og det er mange spanande menneske som eg har møtt i denne perioden. Tre ting har spesielt vore veldig kjekt å få vere med på. Det eine er å få Selje kommune ut av det økonomiske uføre kommunen var i. Det andre er kommunesamanslåinga med Eid. Ein samanslåingsprosess som har gått over all forventning. Det tredje er Stad skipstunnel. Det å få Stad Skipstunnel inn på statsbudsjettet for 2019 var ein stor siger. Det å spele på lag med mange dyktige personar for å få dette prosjektet nærare realisering har vore svært givande, men vi er ikkje i mål, skriv Osdal og viser til at han no har 13 månadar att i sitt virke som ordførar.

–Dei månadane skal eg garantert jobbe for å bygge vidare på dei fantastiske moglegheitene som finst i Selje og i Eid. Eg vil fortsatt vere samfunnsengasjert og KrF ligg mitt hjarte nærast. Eg vil garantert jobbe vidare for å bygge eit sterkt KrF i Stad kommune og i Vestland fylke, skriv den siste ordføraren i Selje kommune og oppmodar samstundes folk til å engasjere seg politisk.

–Vi treng dyktige kvinner og menn som kan ta eit tak for lokaldemokratiet i Stad kommune, skriv han.