Eid og Selje startar prosjekt samordning

Skal halde fylkesmannen på avstand

Dei økonomiske utfordringane i årets budsjettprosess er store for dei to kommunane Eid og Selje som om eitt år er ein kommune.

Prosjektkoordinator: Kristine Dahl, prosjektkoordinator i Stad 2020 og rådmann i Selje, opplyste at det ville bli møter med tillitsvalde inneverande veke for å starte prosess på nedbemanning og effektivisering.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Som tidlegare meldt har Eid kommune eit hol på i overkant av 26 millionar dei skal tette for å balansere neste årsbudsjett. Selje kommune har den same prosentvise utfordringa, men mindre nominell – i underkant av sju millionar kroner. Tek ein med formannskapet sitt vedtak om å redusere satsen for eigedomsskatt med 0,5 promille er utfordringa 7,7 millionar kroner. Sist måndag starte prosessen med å finne innsparingar og eller effektivitetsgevinst gjennom å skunde på samanslåingsprosessen.