Utstillingsplassen blir riggområde

Ny Skipenes bru

Utstillingsplassen i Øyane er tenkt nytta som riggområde i samband med bygging av ny Skipenes bru. Dette inneber at hingsteutstillinga ikkje kan gjennomførast der i 2020.

PLAN FOR NY BRU: Reguleringsplan for Skipenes bru. Stipla strek viser planområde. Kart: Statens vegvesen.  Foto: Statens vegvesen, Reguleringsplan for Skipenes bru

Nyhende

Statens vegvesen Region vest har utarbeidd eit framlegg til detaljreguleringsplan for ny Skipenes bru. Formålet med planframlegget er å legge til rette for utskifting av Skipenes bru og sette av naudsynt anleggsområde til dette prosjektet, mellom anna omkøyringsbru sør for dagens bru.