No er ho i form

Andrine Mårstøl køyrde inn til siger i storslalåm.

Andrine Mårstøl tok fredag sin andre siger på to dagar.   Foto: Privat

Nyhende

Andrine Mårstøl (19) frå Eid bekfrefta at ho er i form då ho tok sin andre siger på to dagar. Fredag køyrte ho inn til førsteplass under eit FIS-renn i storslalåm på Geilo.

Andrine tok i torsdag sin første siger i eit FIS-renn, og har no to sigrar av to moglege. Også Emma Åsebø køyrde storslalåm fredag. Ho låg på ein 20. plass etter første omgang, men køyrde seg opp fleire plasseringar og enda på ein 14. plass.