Kunstnar og bonde i Heggjabygda

Sambuarparet Åse Huse (47) og Ola Frislid (47) satsar stort på kvar sin måte: Ho som bildekunstnar og friluftsentusiast og han på ny moderne driftsbygning.

TITTEL på kunstverket: UTSIKT TIL INNSIKT: Typisk for Åse sin kunst når det gjeld farge, kontrast og teknikk. Sambuarparet Åse Huse og Ola Frislid heime i stova i Heggjabygda.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

I gamleløa på garden i Frislida har ho snart gjort ferdig eit flott atelier.

Nyhende

Åse Huse er fødd i Molde og vaks opp på Harøya. Flytte til Eid som 20-åring etter vidaregåande skule og jobba på Frislid Konfeksjon i fem år. Dreiv deretter familiebarnehage i ti år med vekt på forming og friluftsaktivitetar. Så vart det studiar på Høgskulen i Volda i fem år med fordjuping i idrett, friluftsliv og kunst og handverk.

Undervist har ho og både i kulturskulane i Eid, Volda og Ørsta og på Eid Ungdomsskule og Eid vgs. Som dagleg leiar ved Eid Frivilligsentral har ho bl.a. jobba med ulike friluftslivs- og folkehelsetiltak. Heile tida med ei glødande interesse for kunst og friluftsaktivitetar både til fjells og på sjøen heile året. Ho likar og å farte rundt på vegane i ein Honda Shadow MC 2003-modell.