Bilde, glas, keramikk og bøker i Gamlebanken

Klart for juleutstilling

Laurdag opnar juleutstillinga i Gamlebanken. Det blir kollektiv utstilling med tre bildekunstnarar.

Jul i gamlebanken: Liv Strand Hareide (t.v.), Synnøve Ekornåsvåg Fosse og Inger Tomren (t.h.) skal ha utstilling i Gamlebanken frå laurdag og ut året.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Dei tre kunstnarane som frå laurdag og ut året skal ha juleutstilling i Gamlebanken er Liv Strand Hareide, Inger Tomren og Synnøve Ekornåsvåg Fosse, frå Ålesund. Dei tre er svært interessert i kunst og har jobba aktivt med det dei siste 15 til 20 åra.

– Vi må ha noko kreativt å gå til i kvardagen, er Liv, Synnøve og Inger samde om.

Det var denne felles interessa for kunst som gjorde at dei vart kjent med kvarandre. Dei møtte kvarandre på Ålesund kunstfagskule. Synnøve og Inger som studentar i same klasse, og Liv som lærar.

– Eg og Inger var dei to vaksne i klassa, men det var veldig kjekt å få vere i lag med ungdomen, fortel Synnøve.

Etter at dei tre damene vart vennar, har dei hatt fleire utstillingar saman dei siste åra. Det var også slik dei oppdaga at dei også er i slekt.

– Det er litt morosamt at vi undervegs har funne ut at vi er firmenningar. Ingen av oss visste det, fortel dei.

Ulik kunst

Teknikkane Liv, Inger og Synnøve bruker er svært ulike, og ifølgje dei tre er det lett å sjå kven som har laga kva. Inger har valt å ha temaet tre under juleutstillinga, medan Liv har gått for ansikt, bre og abstrakt i måleria sine. For Synnøve er det fargane som speler ei stor rolle. Sjølv om dei tre har ganske ulike måleri, har dei til felles at naturen, fargar og andre kunstnarar er det som inspirerer dei. Både Liv, Inger og Synnøve reiser gjerne rundt i Norge og utlandet og har utstilling og ikkje minst lar seg inspirere av ulike kunstnarar. Samtidig fortel dei at det er viktig for dei å ikkje kopiere andre kunstnarar, men heller lage sine eigne måleri.

– Utfordringa er å lage sitt eige arbeid. Det tar tid med kunst, men det er det som er kjekkast.

Mange med utstilling

I tillegg til Liv, Inger og Synnøve stiller også Ørnulf Opdahl, Aleksander Stub, Roy Andreas Dahl, Ien Klaver, Tommy Bredesen, Shaban Bamerni, Jertrud Eikås Eide, Åge Steinset, Jøran Flo og Eli Hørven Fjellkårstad ut i Gamlebanken. Elles er det eit mangfald av glas, keramikk og bøker på utstillinga no fram mot jul.

– Det er eit hus fullt av kunst, seier Arve Espe som gler seg til juleutstillinga so blir opna laurdag med underhaldning frå elevar i kulturskulen i Eid.