Ønskjer klare svar

– Mange må bidra om vi skal spare inn ytterlegare 12 millionar i 2019.

Oppvekst og kulturutvalet: Frå venstre: Knut Tore Nes Hjelle (V), utvalsleiar, Gaute Hovden (H), Hege Årdal (Sp), Linda Gotteberg (V), Lars Helge Lillebø Hopland (KrF), Jan Håvard Henden (Sp) (delvis skjult), Torild Natvik (Ap), Hans-Petter Gilleshammer (Ap) og Kommunesjef Harald Sivertsen (med ryggen til).  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det sa kommunesjef Harald Sivertsen då han på onsdagens møte i Oppvekst og kulturstyret gjekk gjennom det sist oppdaterte budsjettet for 2019.

Utfordring på 7,2 mill.

–Budsjettarbeid er ein levande prosess som endrar seg ut frå prioriteringane som til ei kvar tid blir gjort. Vi starta budsjettprosessen for 2019 med eit konsekvensjustert budsjett som viste ein underbalanse på 26,5 millionar kroner dersom vi skulle vidareføre drifta frå 2018. Neste etappe var eit balansert budsjett der vi hadde gjort ulike tiltak innan alle tenesteområde. I dette budsjettet var det innsparingar på 2,3 millionar kroner innan vårt område, oppvekst og kultur. I seg sjølv ei stor utfordring. Det som ligge føre i dag, når vi har tatt inn «samordning ved kommunesamanslåing» er å finne tiltak, innsparing og/eller effektiviseringstiltak som vil gje ei innsparing på ytterlegare 4,943 millionar kroner, sa Sivertsen som ikkje kunne gje nokon fasit på kor desse innsparingane skulle finnast, som understreka alvoret i den økonomiske situasjonen.