Vil ha fortgang i opprusting av fv. 620

Både Gunn Sande (Sp) og Anfinn Sjåstad (Frp) ønskjer fortgang i prosjekteringsarbeidet for opprusting av fv. 620 Kjøde Sandvik.

Handling: Gunn Sande (Sp) og Anfinn Sjåstad (Frp). 

Nyhende

–Opprustinga av fylkesveg 620 har stått på dagsorden i Selje kommune i lang tid. Dette er også ei sak som er tatt med i intensjonsavtalen mellom Eid og Selje. Saka var oppe i det siste formannskapsmøtet i Selje. Vi ønskjer no at det vert fortgang i arbeidet med opprusting av strekninga, seier Sande og Sjåstad, som ønskjer at også Fellesnemnda engasjerer seg i saka. Strekninga er inne på den fylkeskommunal marginallista med ei kostnadsramme på 40 millionar kroner. Vi ønskjer at ein følgjer opp tidlegare vedtak, der Selje kommune har sagt seg positive til å forskottere reguleringsarbeidet, seier dei to politikarane.