Kommunebudsjett i Eid

Sp, Ap og SV vil ha eigedomsskatt på næring

I finansutvalet i dag vart det lagt fram to ulike budsjettframlegg der ingen av dei legg opp til auke i eigedomsskatten for bustader. Forslaget frå V, Frp,KrF og H utan eigedomsskatt på næring fekk fleirtal, og går vidare som tilråding til kommunestyret.

Sigurd Reksnes (Sp) la fram felles framlegg frå Senterpartiet, Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti der det ligg inne innføring av eigedomsskatt på verk, bruk og anna næring i Eid kommune. 

Nyhende

Den største skilnaden på dei to budsjettforslaga var ja eller nei til innføring av eigedomsskatt på verk, bruk og anna næring.

Venstre, Høgre, Frp og KrF presenterte eit felles budsjettforslag utan eigedomsskatt på verk, bruk og anna næring i Eid kommune.