Ove Bjørlo (Ap):

Situasjonen er urovekkande

– Den økonomiske situasjonen til Eid kommune uroar meg, sa Ove Bjørlo då Helse- og omsorgsstyret onsdag handsama årsbudsjettet for 2019.

Ikkje rive ned: Eit samla helse- og sosialutval gjorde stilte spørsmål ved om det i det heile var realistisk å spare inn så store beløp som det det no er snakk om, utan å råke både tenestemottakarar og tilsette. Frå venstre rundt bordet: Ove Bjørlo (Ap), Anne Tove Thorsnes (Ap), kommunesjef Kari Krogh, utvalsleiar Lars Svein Drabløs, Svein Rotevatn (V), Hilde Henriksen (V), Sylvia Hammersvik (V), Åse Liv Lote (Sp), og Anna Bøe (Sp).   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

I rådmannen sitt balanserte budsjett skulle det i utgangspunktet kuttast 5,1 millionar kroner for å balansere budsjettet for 2019. I samband med prosjekt samordning ved kommunesamanslåing er kutta auka med 4,9 millionar kroner, til 9,532 millionar kroner for helse- og omsorgssektoren. Dette fann politikarane i utvalet problematisk. Før samordning ved kommunesamanslåing vart tatt med fordelte kutta/innsparingane seg med 440.000 kroner i heimetenesta inklusive Fossevegen bufellesskap. Hogatunet med 620.000 kroner. Bu og miljøtenesta 1.870.000 kroner. Bu og miljøteneste/psykisk helse 1.503.000 kroner, og 398.000 kroner i innsparing ved å ikkje organisere fagdagar for alle tilsette i helse- og omsorgssektoren. Irekna prisauke i gebyr og betalingssatsar er dei samla kutt på 5,101 millionar kroner.