Positive signal til Stårheim

Formannskapet i Eid er positive til å imøtekome søknad om lånegaranti og tilskot til nærmiljøanlegg ved Stårheim skule. Saka skal endeleg avgjerast i kommunestyret 13. desember.
Nyhende

Saka gjeld simpel garanti til Stårheim IL på 2.600.000 kroner for lån som laget tek opp som byggelån til nærmiljøanlegg ved Stårheim skule og tilskot på inntil 700.000 kroner.

Asgeir Heimdal Reksnes, Mariann Vereide Botn og Astrid Grete Torheim frå arbeidsgruppa var til stades i finansutvalet for å orientere om saka.

Det er allereie samla inn 165.000 kroner, og planen er å starte arbeid med drenering når julestrida er over.

Målet er å ha heile anlegget klart allereie til skulestart til hausten.




Oppmodar til dugnad for betre uteområde ved Nordfjordeid skule

Foreldra må ta eit tak sjølve