Blir sett opp ekstrakonsert

Torsdag 6. desember blir det sett opp ekstrakonsert med Johnny Logan, Hanne Krogh og Thomas Ruud.

Johnny Logan, Hanne Krogh og Thomas Ruud er på turne, og i desember står dei på scena i Operahuset.   Foto: Presse

Nyhende

Konserten med Johnny Logan, Hanne Krogh og Thomas Ruud torsdag 6. desember i Operahuset er utselt. No har artistane sagt ja til ein ekstrakonsert seinare på kvelden, så då blir det to konsertar på ein kveld.  

Turneen har blant anna vore i Trøndelag og Nord-Norge, og i starten av desember kjem den altså til Eid og Operahuset.