Anda-Lote med på redningsaksjon

Anda-Lote var innstilt onsdag kveld grunna redningsaksjon.

Lote-Anda var onsdag kveld innstilt grunna redningsaksjon.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Anda-Lote var onsdag kveld frå klokka 20:36 innstilt grunna at fartøyet i sambandet var med på ein redningsaksjon.

Ifølgje Eid lensmannskontor var det ein båt som fekk problem, og Anda-Lote var med i redninga. Alt står ok til med personen som var om bord i båten, og den ligg no fortøyd med kaia ved Anda eller Lote ifølgje politiet, som ikkje var innblanda i redningsaksjonen onsdag kveld.

Frå klokka 21:45 var sambandet i normal drift.