Stihl-forhandlar i superklasse – opna ny butikk

Sist fredag kunne Rindal Maskin flytte inn i nybygg som inneheld både lyst og romsleg utstillingslokale og verkstad.

FAR OG DOTTER KJØPER SAG: Med kvar si nyinnkjøpte sag er Ragnhild og Ottar Bjørkedal klare til å gå til skogs heime på garden på Bjørkedal.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

Eg likar å skrue og møte folk.

Nyhende

Roald Rindal starta eige firma i 1989, etter å jobba både som møbelarbeidar, dyretransportsjåfør og bonde, og har til no halde til i gamlestova på garden på Langeland. Han har utdanning som bilmekanikar og i starten var det sal og reparasjon av motorsager han dreiv med. Kundane strøymde til, noko som dei har gjort heile tida sidan.

Kundane likar nyebutikken

Frå den formelle opninga klokka ti var det eit jamt sig av kundar, og det var tydeleg at dei sette pris på dei nye lokala. Handelen gjekk unna med nedsette prisar på alle varer. Særleg kunne ein gjere gode kjøp på motorsager. Rindal opplyser at han har kundar frå heile ni kommunar i Nordfjord og på Sunnmøre, og alt på morgonen var det kundar frå både Vanylven, Gloppen og Volda i tillegg til nærområdet.