Seks bruksforbod

Seks sjåførar fekk bruksforbod på køyretøya sine etter ein kontroll på Kjøs.

Statens vegvesen hadde kontroll på Kjøs måndag.  Foto: Arkiv

Nyhende

Statens vegvesen hadde kontroll på Kjøs måndag, der 50 køyretøy var innom kontrollstaden og 37 vart kontrollerte.

Fire førarar fekk beskjed om å rydde i frontruta og ein førar måtte sikre lasta betre før vidare køyring Ein førar fekk bot for manglande kjetting, det vart i tillegg skrive ut fire gebyr for utslitne dekk. To førarar vert meldt for ikkje å ha yrkeskompetanse YSK. Ein førar fekk åtvaring for brot på køyre og kviletridsregelverket. Det vart også utferdiga ein mangellapp for tekniske manglar.