Pass- og ID-kontor på Nordfjordeid

  Foto: Arkiv

Nyhende

Her i fylket er det Eid lensmannskontor, Flora politistasjon, Førde og Naustdal lensmannskontor og Sogndal og Leikanger lensmannskontor som skal ha pass- og ID-kontor.

I Nordfjord inneber dette at det ikkje lenger vert høve til å skaffe seg pass i Gloppen, Stryn og Vågsøy.

Frå 141 til 77

Justis- og beredskapsdepartementet har no bestemt seg for å etablere totalt 77 pass- og ID-kontor i Norge. Dette betyr ein reduksjon av tal kontor frå dagens 141 til 77, opplyser Politiet på sine nettsider.

–Når nye pass vert lansert skal dei skrivast ut i fysisk sikra lokale, og av medarbeidarar med ID-fagleg kompetanse. Framtidas pass- og ID-kontor er noko anna enn dei passkontora vi kjenner i dag, seier programdirektør Atle Roll-Matthiesen i Politidirektoratet.

Dei nye passa skal innehalde biometriske data, noko som koplar person og pass saman i større grad. Dette for å hindre at menneske som har tileigna seg norske pass på falsk grunnlag kan nytte desse. Omlegginga inneber at dei fleste politidistrikta ikkje når målet om at 90 prosent av innbyggjarane skal ha maksimalt 45 minuttars køyretid. For å spare brukarane for unødvendig ventetid skal alle pass- og ID-kontor ha tilbod om timebestilling. Og for å sikre at publikum får dekt sine behov skal alle politidistrikt tilby utvida opningstider.