Julemarknad for sjette gong

For sjette år på rad arrangerer Fjordane folkehøgskule Jul i Stallen.

Tur: Elevane fekk eit sterkt møte med barna under fjorårets tur.  Foto: nordfjord folkehøgskule

Sri Lanka: Elevane skal til Sri Lanka etter jul og skal levere pengane frå julemarknaden.   Foto: nordfjord folkehøgskule

Nyhende

Første helga i desember blir julemarknaden Jul i Stallen arrangert av Fjordane folkehøgskule. Det blir både vikingleik, moglegheit til å ri og stelle hest, prøve ut diverse sirkusaktivitetar og kose med dyr under julemarknaden som blir arrangert på Norsk Fjordhestsenter. I tillegg blir det juleshow, der både vikingar, sirkusartistar og hestar skal i aksjon.

Halvparten av overskotet av julemarknaden går kvart år til ein organisasjon som elevane vel ut. I år går pengane til barna på ein barneheim i Sri Lanka, som elevane skal besøke etter jul. Under turen blir pengane levert over til barneheimen. Resten av overskotet går til elevane som sjølv for bestemme kva det skal gå til.