Helsearbeidar køyrde i fylla

Ein helsearbeidar frå Nordfjord er no dømd for å ha køyrt bil med promille.

Promillekøyring: Ein helsearbeidar vart tatt for promillekøyring.   Foto: Arkiv

Nyhende

Det var i mars i år at helsearbeidaren vart stoppa av politiet, trass i at vedkomande var påverka av alkohol.

Blodprøve tatt nesten tre timar etter viste ein alkoholkonsentrasjon på 1,7 promille. Ein går ut ifrå at den sikta har hatt ei promille på rundt 2,0 då køyringa starta.

Retten viser til at føraren var betydeleg påverka under køyringa. Køyreturen har føregått over ei strekning på minst fem kilometer – med passasjer i bilen.

I Sogn og Fjordane tingrett vert straffa sett til fengsel i 21 dagar som vert gjort vilkårsbunden med ei prøvetid på to år. Det vert også sett som vilkår at vedkomande i prøvetida gjennomfører program mot ruspåverka køyring.

Nordfjordingen tapar også retten til førarkort i to år og fire månader. For å få igjen førarretten vert det kravd full ny prøve.

Promillekøyraren må også betale 30.000 kroner i bot, heiter det frå dommen til tingretten.

Helsearbeidaren har mista jobben sin som følgje av promillekøyringa.