Får Ungdommens Kulturpris

Fotballspelaren Camilla Ervik får Ungdommens Kulturpris for 2018.

Camilla Ervik i aksjon som Eid-spelar.  Foto: Arkiv

Nyhende

Onsdag vart det klart at Camilla Ervik (23), som er ein etablert fotballspelar på øvste nivå for kvinner, får  årets Ungdommens Kulturpris. Ifølgje juryen, som består av Clara Sibondagara, Maria Øygard, Daniel Vindfjell frå Ungdomsrådet, Knut Tore Nes Hjelle som er politisk representant og Dan Aasebø, administrativ representant, viser Ervik at ho har eit særskilt talent for fotball, treningsdisiplin og det å sette seg mål og gjennomfører. Dette har har inponert juryen.

Det var Eid Idrettsråd som nominerte Ervik som vart teken ut på U23 landslaget i mai 2017 og spelte fem kampar. Også i 2018 er ho teken ut på landslaget. I år har Ervik starta 21 av 22 kampar for Sandviken, som kom på 4. plass i Toppserien for kvinner i 2018,  og scora tre mål. 1. desember speler Sandviken, med Ervik med på laget, cupfinale i Telenor Arena mot LSK Kvinner.