Eldsjel får kulturprisen

Eldsjela Dianne Eikås får Kulturprisen 2018 for sitt engasjement i Kjølsdalen Krins.

Dianne Eikås (framme i midten) får Kulturprisen 2018.   Foto: Arkiv

Nyhende

Dianne Eikås har vore aktiv i kulturlivet i Kjølsdalen Krins, og har meir enn 20 år vore klubbrådgjevar i Trekløveret 4H, som er den største 4H klubben i kommunen og ein av dei største i Sogn og Fjordane. Onsdag vart det klart at juryen som består av Knut Tore Nes Hjelle, Utvalsleiar Oppvekst og kultur, Ann-Magritt Hopland Eikås,  utvalsmedlem Oppvekst og kultur, Stein Inge Torheim,  utvalsmedlem Oppvekst og kultur og Geir Andreas Holtermann Holmen, kultursjef Eid kommune, har bestemt at Eikås får Kulturprisen 2018. Ifølgje juryen er ho drivkrafta bak Trekløveret 4H, ansvarleg redaktør for bygdeavisa Tavla og aktiv medlem av bygdekvinnelaget. Med sitt engasjement til Kjølsdalen Krins og kommunen skriv juryen at Eikås er ein verdig vinnar av Kulturprisen.