Norges Vel Medalje

Eidadame heidra

Solveig Høydal på Nordfjordeid er tildelt Norges Vel Medalje for lang og tru teneste.

Heidær: F.v. Magne Aarvik, Solveig Høydal og Svein Skibenes under utdelinga av Norges Vel Medalje til Solveig Høydal frå Nordfjordeid.   Foto: Privat

Ho har vore ein viktig bidragsytar til selskapet si utvikling fram til i dag.

Nyhende

Ho har arbeidd hos Fjord Shipping AS i Måløy i heile 39 år.

– Heideren går til ein flott medarbeidar, kommenterer styreleiar Svein Skibenes.

Det var under selskapet sitt julebord i Parken Kulturhus på Raudeberg at Norges Vel medalje for lang og tru teneste vart tildelt Solveig Høydal.

Takknemleg arbeidsgivar

Solveig starta opp karrieren si i shippingbransjen i 1989 gjennom kjøp og drift av skip gjennom familieselskapet Høydal Shipping AS. I 1994 gjekk dette selskapet inn i Fjord Shipping AS.

– Solveig har arbeidd innan dei fleste område i selskapet og vi er takknemleg over å hatt ein så lojal, påliteleg og dyktig medarbeidar tilsett hos oss over så mange år, seier styreleiar Svein Skibenes som deltok under medaljeutdelinga. Han påpeikar at det er ikkje ei sjølvfølgje i dag at ein god medarbeidar står i same jobb, hos same arbeidsgivargruppe, i 39 år.

Kunnskapsrik

– Solveig er ei kunnskapsrik og engasjert person, og ho har vore ein viktig bidragsytar til selskapet si utvikling fram til i dag. Aldri nei når ekstra ting skulle utførast. Og i Shipping skjer det ekstra ting hele tida, fortel Skibenes.

Han trekk fram hennar positivitet og omtanke for andre, og at dette har også lokalsamfunnet rundt henne fått nyte godt av gjennom hennar frivillige arbeid.

Serviceinnstilt

– Alltid serviceinnstilt og opptatt av at folk skal få gode tenester, avsluttar Skibenes.

Medaljen for lang og tru teneste blei stifta av Det Kongelige Selskap for Norges Vel i 1888. Den er ei påskjønning til særleg fortente arbeidstakarar med minst 30 års tilsetting hos same arbeidsgivar\arbeidsgivargruppe, og er eit varig bevis på mottakar sin innsats og betydning.