Fekk utmerking frå Norges skiskyttarforbund

Ivar Melheim fekk i helga Norges skiskyttarforbund si utmerking standard for sitt arbeid for skiskytinga i Sogn og Fjordane.

Ivar Melheim kunne i helga motta Norges skiskyttarforbund si utmerking.   Foto: Privat

Nyhende

Ivar Melheim (70) har vore aktiv innan Sogn og Fjordane skiskyttarkrins i mange år. I helga fekk han Norges skiskyttarforbund si utmerking for denne innsatsen.

Det heile starta opp midt på 1980-talet då han var med på å få i gang Nordfjord Team. Det lokale skiskyttarteamet for Nordfjord. Her var Melheim leiar i tolv år, frå 1988 og fram til år 2000. Etter det var han også aktivt med gjennom fleire år innan lokal skiskyting i Nordfjord.

Viktig for rekruttering

Nordfjord team blei oppretta av skiskyttargruppene innanfor Markane IL, Heggjabygda IL, Stårheim IL og Hardbagg IL. Bakgrunnen var ønskje om å gje eit samla og betre tilbod til dei som ville satse innanfor sporten. Då kom det i gang treningssamlingar som samla rekruttar og juniorar i heile Nordfjord. Og ikkje minst kunne ein samarbeide om å reise på Norgescup-renn.


Samle inn pengar

– Å skulle satse mot toppen innan skiskyting kostar både tid og pengar. Ikkje minst det å reise på Norgescup-renn i helgane var ikkje billig. Mykje av min jobb som leiar blei difor organisering av desse turane i helgane, og å skaffe pengar til reise og overnatting, seier Melheim som fortel at det var mykje arbeid i leiarvervet gjennom fleire år.

–Det var slik at eg var bonde i seks månader i sommarhalvåret, og så var det arbeid med Nordfjord Team om vinteren, seier Melheim som også var primus motor då Heggjabygda IL arrangerte Hovudlandsrenn i 1990, og rennleiar då Hovudlandsrennet var på Stigedalen i 2000. I år 2002 var han også med under NM i skiskyting på Tua.

–Det har vore meiningsfullt arbeid, og eg er svært glad for utmerkinga er no har fått, seier Melheim.