Ingrid Tykhelle Kayser speler «slem og blond» i Annie

Gler seg til å stå på scena

Ingrid Tykhelle Kayser, som blant anna har hatt ei rolle i den nynorske serien Lovleg, er ein av dei som skal vere med i musikalen Annie.

Gler seg: Ingrid Tykhelle Kayser gler seg til å spele i musikalen Annie saman med mange barn.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

I slutten av oktober starta øvingane til musikalen Annie. Ingrid Tykhelle Kayser er ein av dei som skal vere med i musikalen som skal gå i Operahuset om ei veke. Ho skal spele karakteren Lily St. Regis som er Daniel «Rooster» Hannigan sin kjærast. Ifølgje Ingrid er Lily «slem og litt blond», og er kort fortalt berre ute etter pengar. I mange av rollene i Annie er det mange unge og barn som har roller.