Medarbeidarsamtalar er ikkje meiningslaus bruk av tid

Fjordabladet hadde fredag 11.11.2018 eit oppslag om rådmannen si orientering til kontrollutvalet om arbeid med arbeidsmiljø i Eid kommune. Overskrifta var «Rådmann Åslaug Krogsæter om medarbeidarsamtalar: Meiningslaus bruk av tid». Dette er tatt fullstendig ut av sin samanheng.

tatt ut av samanheng: – Overskrifta var «Rådmann Åslaug Krogsæter om medarbeidarsamtalar: Meiningslaus bruk av tid». Dette er tatt fullstendig ut av sin samanheng, skriv rådmann Åslaug Krogsæter i dette tilsvaret. Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Bakgrunnen for møtet var at kontrollutvalet hadde gjort følgjande vedtak: « Kontrollutvalet ber om at rådmannen møter i kontrollutvalsmøte 7. november, og informerer om det vert gjennomført medarbeidarundersøking i Eid kommune, og eventuelt kva resultat som har kome ut av dette, og kva oppfølging og rutinar administrasjonen har i høve til dei tilsette. Kontrollutvalet ynskjer også å få generell informasjon om arbeidsmiljøet i Eid kommune.»


Som rådmann orienterte eg kontrollutvalet om rutinar og praksis i Eid kommune. Eg la i orienteringa vekt på at det ikkje er eitt arbeidsmiljø i Eid kommune, men mange ulike arbeidsmiljø sidan det er 22 ulike avdelingar. Det er leiarane for desse avdelingane som har personalansvar for tilsette, og forpliktinga deira er i samarbeid med tillitsvalde og verneombod å syte for eit godt arbeidsmiljø. Dette er presisert i leiaravtalar som alle har. Medarbeidarundersøkinga 10-faktor er eit felles verktøy som skal bidra til organisasjons-, leiar- og medarbeidarutvikling. Dette er følgt opp på ulike måtar i avdelingane på bakgrunn av dei tilsette si vurdering av kva som bør prioriterast. Leiarane skal levere rapport på dette oppfølgingsarbeidet før jul, og dei er bedne om å vurdere når det er formålstenleg å gjennomføre ei ny undersøking.


Rådmannen fekk m.a. eit spørsmål frå medlem i kontrollutvalet om rutinar for medarbeidarsamtalar. Eg svarte at her var det nok ulik praksis, men at det har vore ei uttalt forventning om at dette skal gjennomførast. Eg la også vekt på at det har vore ulike vilkår for leiarane for å klare å følgje opp dette på ein god måte fordi nokre leiarar har hatt ansvar for svært mange tilsette, og dette er ein av grunnane til at vi m.a. har styrka leiinga innanfor helse og omsorg med å tilsetje assisterande leiarar som gjer at dei kan dele på personaloppfølging. Det var nok i denne samanhengen ordet meiningslaust vart brukt frå mi side, men då ikkje for å seie at det var meiningslaus bruk av tid å gjennomføre medarbeidarsamtalar, men at det var meiningslaust å forvente at leiarane skulle klare dette slik situasjonen har vore med ansvar for 60–70 tilsette. Mitt bodskap var å informere om at vi har styrka leiinga for å gi dei vilkår for å klare å svare på forventingane frå arbeidsgjevar til oppfølging av tilsette på ein god måte.


Eg la også vekt på at det ikkje er nokon fasit på kva som er god oppfølging. Eg sa at vi har drøfta dette i leiarsamlingar der det m.a. er peikt på at korte og hyppige samtalar mellom leiar og tilsett kan vere vel så nyttig som ein årleg samtale. Vi har difor ikkje funne grunn til å påleggje leiarar som har eit sjølvstendig personalansvar ein bestemt måte å gjere dette på. Eg sa også at dette nok er eit område der vi kan bli betre enn det vi har vore til no. Det er vanskeleg for meg å forstå korleis journalisten på bakgrunn av dette kan lage ei hovudoverskrift om at rådmannen meiner det er meiningslaus bruk av tid å gjennomføre medarbeidarsamtalar.