Viser handmåla porselen

I mange år har ein gjeng med kreative damer vore samla hos Eli Sunde for å drive med porselensmåling og kose seg.

UTSTILLING: Bodil Sønderland og dei andre i porselensgruppa inviterer i morgon til utstilling og sal av handmåla porselen.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Førstkomande laurdag opnar dei utstilling heime hos Bodil Sønderland i Leirongane.

– Det viktigaste for oss er å få vist fram det vi har laga. Om vi får selt litt, så er det sjølvsagt også kjekt, seier Bodil Sønderland. Dei som stiller ut er Eli Sunde, av Sønderland omtala som rettleiar og ekspert i gruppa, Magny Hoddevik, Solveig Eikås Bjørlo, Bodil Johnson, Else Alsaker og Bodil Sønderland.

Alle er velkome innom for å sjå på kva dei seks kreative damene har laga. Utstillinga blir ståande i to veker, så for dei som ikkje har høve til å kome laurdag, er det mogeleg å sjå innom i løpet av utstillingstida.