Vikingslag opna kulturnatta på Eid

Kulturnatt 2018 i Eid er i gang. Den blei opna med vikingslag i Sagaparken, med barnehagebarn som publikum.
Nyhende

Det var elevar ved vikinglinja på Fjordane folkehøgskule som viste eit minispel om kong Audbjørn av Fjordane. Då han fall i møte med Harald Hårfagre i slaget ved Solskjel.

Og seinare vart gravlagt i ei kongegrav på Nordfjordeid.

Etter minispelet fekk barnehagebarna smake på vikingbollar.