Vernar seg mot uønskte gjestar

Set opp festivalgjerde rundt gravplassen

– Vi kunne ikkje forsvare at det skal gå ein vinter til utan at vi gjer noko. Det seier kyrkjeverja i Eid, Kristen Hundeide, som no har ringa inn gravplassen på Stokkenes med det same gjerdet som Malakoff Rockfestival bruker i samband med sin festival.

MELLOMBELS TILTAK: Som ei mellombels løysing er det sett opp gjerde rundt Stokkenes gravstad. Gjerdet har Eid kyrkjelege fellesråd fått leige av Malakoff Rockfestival, i tillegg har ein flikka litt på det ordinære gjerdet rundt den gamle gravplassen. Det vil kome opp informasjon om korleis ein skal opne opp grindene. Frå venstre: Kyrkjeverje Kristen Atle Smedstad Hundeide, kyrkjegardsarbeidar Harald Aardal og kyrkjegardsarbeidar Finn-Arve Sundal.  Foto: Anna Wuttudal

Spesielt roser var snop

Nyhende

I fjor vinter og i vår vekte herjingane til firbeinte gjestar sterke reaksjonar frå folk som vitja gravene til sine kjære på Stokkenes gravplass. Hundeide fortel om folk som var heime i jula og som pynta graver med blomar, for så å neste dag opplevde å møte ei grav som var rasert av rådyr.