Opar fylkesveg 633 i desember

Tysdag 18. desember er det offisiell opning av Strandpanipatunnelen.

Tysdag 18. desember er det offisiell opning av Strandpanipatunnelen.   Foto: Statens vegvesen

Nyhende

– Det er gledeleg at vi endeleg får på plass ein tunnel på den skredutsette strekninga mellom Halsen og Gattnesen. Eg ser veldig fram til opninga av vegen, seier fylkesordførar Jenny Følling, som skal klippe snora på opninga av fylkesvegen 633.

Strandpanipatunnelen er 595 meter og sikrar eit rasfarleg parti på fylkesveg 633 ved Stadhavet. Det har teke rundt seks månadar å bore igjennom berget, og no er den snart klar til opning.