Sveinung Mæland Pile tek over etter Mads Tystad

Områdesjef innan HV-11

Sveinung Mæland Pile er ny områdesjef for 214 Firda innan HV-11.

Sveinung Mæland Pile (t.h.) er den nye sjefen for 140 soldatar og befal innanfor område 214 Firda. Eitt av sytten område som ligg under Møre og Fjordane heimevernsdistrikt. Måndag var det høgtideleg sjefsskifte ved Firda kaserne, med avtroppande Mads Tystad (t.v.) og distriktssjef Johan Arvid Svindland.  Foto: Inger Træen

Nyhende

Sveinung Mæland Pile (40) frå Eid overtok etter avtroppande Mads Tystad denne veka. Dette skjedde ved at rundt hundre soldatar og befal stilte opp ved Firda kaserne på måndag. Der distriktssjef for Møre og Fjordane heimevernsdistrikt 11 (HV-11), Johan Arvid Svindland, var til stades. Han takka kaptein Mads Tystad for innsatsen gjennom 25 år, og ønskte Sveinung Mæland Pile velkommen.