Rådmann Åslaug Krogsæter om medarbeidarsamtalar:

Meiningslaus bruk av tid

– Når ein leiar har 60–70 medarbeidarar vil det nesten vere praktisk umogleg å gjennomføre medarbeidarsamtalar med kvar enkelt. I tillegg vil det vere meiningslaus bruk av tid.

Orientering: Frå venstre Rådgjevar Audhild Ragni Vie Alme, Dagleg leiar i SEKOM Arnar Helgheim. Arild Lillebø Opsal (H), rådmann Åslaug Krogsæter, Markvard Sunde frå kommunerevisjonen, Brit Eltvik Lien (H), Brit Moa (V), og Kjell Haugland (Ap).  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det sa rådmann Åslaug Krogsæter då ho sist onsdag orienterte kontrollutvalet i Eid om arbeidsmiljøet i kommunen. Det var kontrollutvalet sjølv som hadde bedt rådmannen om å møte i utvalet.