Internasjonal fest i Operahuset

Toleranse, omsorg og respekt

ARABISK DANS: Salih, Aboda og Taha frå Syria framførte arabisk dans.  Foto: Anna Wuttudal

KJEKT MED FEST: Raghad og Asmaa likte underhaldninga  Foto: Anna Wuttudal

ERITREA: Rumana og Bahri frå Eritrea hadde laga til ein nydeleg rett av kjøt som dei hadde med på festen.  Foto: Anna Wuttudal

KOSA SEG: Publikum kosa seg på festen. Det var om lag 200 personar som møtte opp.  Foto: Anna Wuttudal

VELKOMEN: Festdeltakarane vart ønskte velkomen på 20 ulike språk. Rektor for Vaksenopplæringa i Eid, Karl Anders Helset (framme til høgre) leia den internasjonale festen.  Foto: Anna Wuttudal

ERITREISK DANS: Publikum fekk ein kulturell smakebit frå ulike verdsdelar.  Foto: Anna Wuttudal

TO UNGE DAMER: Vilde og Celine frå Kjølsdalen og Bryggja, to unge damer på fest.  Foto: Anna Wuttudal

Flotte jenter: Aya, Taraa, Yara, Canada og Roukaya ville gjerne bli tatt bilde av.  Foto: Anna Wuttudal

KJEKK FEST: Serena Lillestøl (15), Terje Lillestøl og Elena Lillestøl tykte det var kjekt å smake på matrettar frå mange forskjellige land.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

 

Rektor i vaksenopplæringa i Eid, Karl Anders Helset fortalde at det er kring 20 nasjonalitetar som får undervisning på LA-senteret og ved Eid vgs.

Toleranse, omsorg og respekt står svært sentralt. – Vi må respektere at vi ikkje er like, og at vi ser forskjellig på nokre ting. Eid skal vere ein plass der alle skal kjenne seg heime, understreka rektoren. Festen opna med at folk frå 20 ulike nasjonar ønskte velkomen på sitt opphavlege språk.

I fjor vart det stappfullt på Eid kyrkjetun, og dei flytta i år difor den internasjonale festen til Operahuset, slik at endå fleire kunne kome. Vaksenopplæringa serverte eit internasjonalt program med song og dans frå nokre av landa. Familiane frå vaksenopplæringa hadde med seg mat frå sitt heimland og inviterte til spennande internasjonale smakar, noko som vart svært godt motteke. Det var også lotteri, der inntekta gjekk til UNICEF.