Stad Skipstunnel:

Krev midlar i 2019

Eid kommunestyre krev at midlar til grunnerverv må kome på statsbudsjettet i 2019
Nyhende

Eid kommunestyre krev at midlar til grunnerverv må kome på statsbudsjettet i 2019

Eid kommunestyre vedtok i dag ei fråsegn der dei krev at Stortinget i si handsaming av Statsbudsjettet for 2019 set av 30 millionar kroner til grunnkjøp for Stad Skipstunnel, for å sikre framdrifta til prosjektet i tråd med Nasjonal Transportplan.

I fråsegna heiter det vidare:

"Stadhavet er det mest vêrharde havstykket langs heile kysten. Stad skipstunnel er eit prosjekt som er godt gjennomarbeida og godt utgreidd. Prosjektet har støtte frå ein samla Vestlands-region, og er nødvendig for å nå politiske mål om å flytte transport frå veg til sjø og legge til rette for trygg sjøtransport av veksten ein ser føre seg i kyst- og havnæringane på Vestlandet i framtida.

Stad skipstunnel er særskilt viktig for nærskipsfarten, fiskeri, havbruk, mindre containerskip og hurtigbåtar - som i dag ikkje passerer Stad i det heile tatt. Desse vil ha dagleg nytte av tunnelen.

I tillegg er det nylig blitt kjent at Havila Kystruten, som skal segle fire skip på Kystruta Bergen-Kirkenes frå 2021, legg opp til å segle gjennom Stad skipstunnel.

Stad Skipstunnel er også eit heilt sentralt prosjekt i arbeidet med å skape vekst og utvikling i nye Stad kommune, som Eid blir ein del av frå 2020. Stad Skipstunnel vil bygge saman regionane nord og sør for Stad, og gjennom det sørge for større nasjonal verdiskaping i form av nye næringsklynger, samarbeid og utvikling over kommunegrenser og fylkesgrenser. Prosjektet vil også skape ein ny reiselivs-destinasjon i verdsklasse.

Det er også lagt ned mykje tid og ressurser i arealplanarbeid for masseplassering i kommunane i regionen, med tanke på utvikling av nye næringar og vidareutvikling av eksisterande næringar.

Det er særs viktig for nye Stad kommune og næringslivet i regionen at framdrifta i prosjektet held framdriftsplanen som er vedteken i NTP, med byggestart seinast i 2021.

Eid kommunestyre vil difor på det sterkaste oppmode om at Stortinget set av 30 mill NOK på statsbudsjettet for 2019 til grunnkjøp, slik at framdrifta til prosjektet blir sikra."

Fråsegna vil bli sendt til finanskomiteen på Stortinget, samferdslekomiteen på Stortinget, stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane og med kopi til samferdsleminister Jon Georg Dale.