Frå Gjerdane til Hogatunet

Av dei større tiltaka som ligg i budsjettframlegget frå rådmannen i Eid er å kutte tre stillingar i bu- og miljøtenesta frå januar/februar.

FLYTTAR BRUKARAR: Brukarar som i dag er på Gjerdane kan bli flytta til Hogatunet.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Rådmannen Åslaug Krogsæter sitt framlegg til saldert budsjett

Auka eigedomsskatt, kutt og samordning

 

Det inneber at ein flyttar brukarar frå Gjerdane til Hogatunet, slik at ein kan redusere bemanninga på Gjerdane. Dette er avhengig av ledige institusjonsplassar og naudsynt prioritering i inntektsnemnda. Dette inneber at folk som bur i eigen bustad vil måtte vente lenger på institusjonsplass, og det vil bli auka press på heimesjukepleia.

Diverse kutt

Eit anna sparetiltak er at ein ikkje vidareførar stilling som ruskoordinator.

Innan teknisk er det mellom anna lagt inn stillingsreduksjon på park/VA og reinhald, samt 3,4 % auke i husleige.

I oppvekst og kultur er dei største summane henta inn i form av kompensasjon for innføring og vidareføring av ny lærarnorm og innan barnevern som følgje av nedgang i mottak og alder/funksjonsnivå på tiltak for einslege mindreårige.

Vil utsetje barnehagebygging

I rådmannen sitt framlegg til investeringar ligg det inne at ein skal utsetje oppstart av utbygging av Gjerdane barnehage til 2021 og trekke oppstartsløyving attende. Utbygginga er rekna å koste 20 millionar kroner, og det var sett av ein million kroner i oppstartsløyving i 2018.

Også omsorgssenter trinn 2 får utsett oppstart til 2021.