Rådmannen Åslaug Krogsæter sitt framlegg til saldert budsjett

Auka eigedomsskatt, kutt og samordning

Auka eigedomsskatt og kutt i dei kommunale tenestene må til for å få 2019-budsjettet i Eid i balanse. Ein vil også starte prosessen med samordning med Selje, og ventar at Eid allereie i 2019 vil spare 12 mill. kr på dette.

PRIORITERING: I rådmann Åslaug Krogsæter sitt framlegg til balansert driftsbudsjett for Eid ligg det auka eigedomsskatt frå tre til fire promille, kutt innan alle sektorar og ein stor forventa samordningseffekt ved samanslåing med Selje.  Foto: Anna Wuttudal

Prosessen blir svært krevjande, og vi må ha fullt fokus på dette framover dersom vi skal klare å ta ut effektar i 2019.

Nyhende

I Eid-rådmann Åslaug Krogsæter sitt forslag til balansert budsjett 2019 og økonomiplan 2019–2022 ligg det inne ein auke i eigedomsskatten i Eid frå tre til fire promille for heile planperioden. Det vil gje ein årleg auke i inntektene på 4,3 millionar kroner.