Ønskte alle velkomne til Eid

Eid-ordførar Alfred Bjøro var på plass på den internasjonale festen. Han var festpynta med ordførarkjede og ønskte alle hjarteleg velkomne til Eid.

SONGGLEDE: Ein flott bukett med festkledde jenter song om at det er viktig å vere seg sjølv, og at det er viktig å vite at ein er bra nok slik ein er.  Foto: Anna Wuttudal

FANSEN FEKK SITT: MGP-jr.-vinnar Oselie Henden underheldt med eigne låtar og fekk god respons hos fansen.  Foto: Anna Wuttudal

BOGNANDE FESTBORD: På festbordet var det verkeleg noko for einkvar smak.  Foto: Anna Wuttudal

GODE SMAKAR: Leon Knapskog set pris på god mat. Ghaith Alkhalaf anbefaler syrisk dessertkake.  Foto: Anna Wuttudal

GOD BLANDING: Publikum var ei god blanding av små og store frå ulike nasjonalitetar.  Foto: Anna Wuttudal

FRÅ BURUNDI: Aisha frå Burundi hadde pynta seg med vakkert fletta hår.  Foto: Anna Wuttudal

PRAT: Mange nytta høvet til å slå av ein prat med Eid-ordførar Alfred Bjørlo.  Foto: Anna Wuttudal

VISTE TRADISJONELL NORSK DANS: Også norske dansetradisjonar var ein del av underhaldninga på festen.  Foto: Anna Wuttudal

Afghansk dans: Desse gutane bidrog med afghansk dans, der ein og ein av dei fekk briljere og vise seg fram.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Internasjonal fest i Operahuset

Toleranse, omsorg og respekt

 

Eid er ein liten stad i verda, men vert stadig meir mangfaldig. I kommunen er det no kring 40 nasjonalitetar representerte.

Det kan vere vanskeleg å kome til ein ny stad, og ordføraren oppmoda alle om å ta vare på kvarandre og finne på kjekke ting i lag.

Og kjekke ting det er slikt som denne internasjonale festen der det var mykje dans og glede, og der folk frå ulike kulturar fekk bli litt betre kjende med kvarandre.