Vert forsterka av skipstunnelen

INNVERKNAD: Skipstunnelen vil ha innverknad på framtidige tiltak i området. Skipstunnelen vil ha innverknad på framtidige tiltak i området  Foto: Snøhetta / Kystverket

Nyhende

Kystverket har sendt uttale til Selje kommune i samband med oppstart av planprogram for Hamneosen i Selje.

Kystverket peikar på at dersom Stad skipstunnel vert realisert, vil dette ha innverknad på framtidige tiltak i området.

Det geografiske arealet for farleia går inn i det regulerte området, og tiltak her kan få verknad for skipstrafikken. Kystverket kan ikkje gje løyve etter hamne- og farvasslova til obstruksjonar som er til fare for sjøverts ferdsel.

Kystverket peikar på at det er viktig at skipstrafikken kan halde forsvarleg fart, dvs. ikkje må redusere farten. Bølgjeslag har verknad ved dagens sjøtrafikk, men vil verte forsterka ved etablering av Stad skipstunnel.

Kystverket peikar på at dei tiltaka som vert planlagt etablerte må prosjekterast og dimensjonerast slik at dei toler den påkjenninga dei kan verte påførte av farvatnet.